Johan Galtung mottok æresmedlemskap

Professor Johan Galtung vitja i dag Miljøpartiet Dei Grøne for å få tildelt prov på æresmedlemskap i partiet. Galtung vart utnemnd til æresmedlem under det ekstraordinære landsmøtet i november.

Hanna E. Marcussen og Johan Galtung

Den kjende fredsforskaren har vore tilknytt den grøne partirørsla sidan 1970-talet, og var saman med Arne Haugestad toppkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo i 1989. Då han fekk tilbod om æresmedlemskap i partiet, takka han med glede ja.

Jeg støtter Miljøpartiet De Grønne som den norske del av den grønne bølgen som går over verden, med fokus på miljø og fred med naturen, balanse mellom real- og finansøkonomi, konfliktløsning istedenfor krig, utvikling som prioriterer de som trenger det mest og et sterkt FN, uttalte Galtung i november.

Eg ser særleg fram til ein dialog om konstruktive alternativ i utanrikspolitikken, sa Galtung under overrekkinga den 8. desember.

Nasjonal talsperson Hanna E. Marcussen er godt nøgd:
Det er særs inspirerande at ein gigant som Johan Galtung vil ta imot æresmedlemskap i partiet vårt, og vi gleder oss til å dra nytte av kapasiteten hans i arbeidet framover, uttalar ho.